Matsentralen er uunnverleg

Velferdsstaten Norge november 2022:

Behovet for mathjelp er større enn nokon gong.
Stadig nye ansikt møter opp for matutlevering.
Spesielt no som det nærmar seg jul.
Maten som kjem inn på Matsentralen forsvinn ut i løpet av timar.
Behovet for hjelp er stort i Bergen.

Matsvinn er enormt i Norge. Matsentralen er viktigare enn nokon gong. Dei gir mat, menneske og miljø nye sjansar. 

Monica Rieber-Mohn Fuhr er dagleg leiar i Matsentralen Vestland. Det er fem år sidan dei store lagerdørene i Åsane opna.

Kvar veke tek dei imot fleire titals tonn overskuddsmat frå grossistar, butikkar og produsentar. Etter grundig kvalitetssjekk, vert maten sortert og henta av organisasjonar som til dømes Kirkens Bymisjon som deler ut til dei som treng det. Matsentralen Vestland leverar mat til 60 ulike organisasjonar.

I følge forskingsinstituttet Sifo er det no fleire enn 200 000 husstandar som lever i matfattigdom. Den største utfordringa for Matsentralen Vestland er å få tak i nok mat.

“Når eg vert oppringt høyrer eg at folk har skrive ned og les opp det dei seier til meg. Dei lister opp at bankkontoen er tom og at kjøleskapet er tomt. Dei veit ikkje korleis dei skal komme seg gjennom helga.

Å klare å be om hjelp er vanskelig”

Monica Rieber-Mohn Fuhr, daglig leiar Matsentralen Vestland

Vanskeleg å be om hjelp

“Me har ventelister for matutlevering. Det er mange som treng hjelp. Folk ringer og seier dei står heilt på bar bakke. Me har rett og slett ikkje nok mat å dele ut. Det har blitt verre å vera fattig i Norge. Det er mindre hjelp å få frå det offentlege,” seier to frivillige frå Osterøyhjelpen medan dei lastar klar ein palle med mat. Dei trassar den kalde vinterlufta som siv inn i lagerbygget, og fyller opp kassar med avokado, kveitemjøl, kjøttbollar, frukt og youghurt. Rekordmange i Bergen og omegn ber om hjelp.

Olga Rodera kjem på vegne av organisasjonen Bedre Kår. Dei er ein av dei 60 organisasjonane som kjem til Matsentralen Vestland for å hente mat. Bedre kår har delt ut mat til trengande i fire år, og hjelper omlag 20 familiar på Arna, Askøy og Sotra.

Engasjementet for rettferdig fordeling og for menneskeverd er ei sterk drivkraft hjå Monica, for dei to andre tilsette og for dei 9 frivillige på Matsentralen Vestland.

«Spør du om hjelp må du bli møtt med respekt, verdigheit og forståing. Me veit at 2% av befolkninga har oppsøkt matsentralar eller andre matarenaer med gratis utdeling. Samtidig har berre 1% oppsøkt NAV. Kva seier det oss? Er det for vanskeleg å få hjelp frå velferdsstaten?

Fleire av mottakarane er “vanlege familiar” med to foreldre i jobb. Aleineforsørgjarar er overrepresentert. 

Sigve Ystebø held system på pallane med overskuddsmat som går ut og inn av lagerbygget. Sigve har vore frivillig på Matsentralen i 3 år. Han er her kvar tirsdag når han har fri, og ikkje er på jobb offshore.

«Me høyrer frå fleire av organisasjonane at mange ber om at matposen vert satt framfor døra slik at dei slepp å møte nokon. Andre vil treffast på ein bensinstasjon, vekke frå der dei bur. Det er stor skam knytt til det å vera fattig”, seier Monica, som legg til:

«Å hjelpe folk over ein kneik er utruleg viktig. Får du hjelp til å få hovudet over vatn og mat på bordet gjev det stor tryggleik i kvardagen. Ei bekymring mindre. I tillegg får du kanskje nettverk i organisasjonane som hjelper deg med mat, du treff medmenneske som bryr seg.”

Tekst og foto: Pernille Fjørtoft Grøsvik

Grieg Foundation støttar Matsentralen Vestland sitt skuleprosjekt.