“Burde vore obligatorisk” seier lærarane til elevar som har besøk Matsentralen Vestland og fått undervisning:
Til kamp mot utenforskap, skam og fattigdom i skulen
All denne maten skulle eigentleg gått rett i bosset.
Matsentralen Vestland lærar elevar korleis å forbruke mindre, kaste mindre, og få bedre forståing for utenforskap, fattigdom og svolt.
I ei tid med stadig større økonomisk ulikheit i Norge kjempar Matsentralen ein kamp i motbakke.
Rustar skuleelevar i kampen mot utenforskap og overforbruk
Forrige måned hadde Karoline Nordal frå Matsentralen Vestland 30 skuleklassar på besøk, og kalendaren for skulebesøk er allereie snart fylt opp for neste halvår. Nokon av klassane var så store som 100 elevar. Karoline involverar elevane i undervisningen. Målet er å lære elevane om fattigdom, fordeling og bærekraftig mathandtering.
Medan Karoline underviser skuleklassar når ofte stemningen eit vendepunkt:
“Delen av presentasjone som handlar om fattigdom, gjer noko med elevane. Eg ser tydeleg at fleire endrar holdning. Dei synk litt saman, ser ned. Eg spør om nokon har høyrt om utlånsstasjonar for utstyr; “BUA”, då held nokre på å rekke opp hånda men ombestemmer seg gjerne halvveis”.
Til Matsentralen kjem elevar frå alle Bergens samfunnssjikt. ”Ein lærar gjorde meg merksam på at det var elevar i klassen eg skulle undervise, som kom frå belasta heimar. Læraren lura på om eg kunne flette inn korleis ein kan få hjelp, kor ein kan henvende seg”, seier Karoline.
Som del av Matsentralen Vestland sitt arbeid er Karoline opptatt av å fokusera på at fattigdom er vanleg og utbrett, og at det ofte er ein fase ein kan få hjelp til å komme seg ut av. Nokre av elevane Karoline møter kan kanskje ikkje ete seg mette når dei kjem heim frå skulen.
Utenforskap står sentralt når Karoline inntek scena framfor dagens 9. klasse:
“Det er nok mat til alle her i verda. Desse donutsene skal eg no dele, akkurat som mat vert delt på oss menneske i verda. Eg har lyst til å seie at alle skal komme opp på scena og ta, men slik er det ikkje.”
“Alle får til slutt, sant?”, seier ein av elevane.
Donut-øvinga er ofte det som engasjerar flest når Karoline underviser. Ho bruker ein kasse med donuts til å illustrere at 20% av verdas befolkning disponerar 75% av verdas verdiar. Dét synast mange elevar er uretferdig.
Matsentralen Vestland er ein av åtte matsentralar i Norge, og fylte i november 2022 fem år. Matsentralen er organisert til å hente inn overskuddsmat frå grosistar, butikkar og produsentar. Matsentralen kontrollerar og kvalitetsjekkar maten. Heile 60 organisasjonar, som til dømes Kirkens Bymisjon henter så maten før dei deler det ut til vanskelegstilte.
Ved Matsentralen Vestland fortel dei at dei kunne delt ut mykje, mykje meir mat enn dei gjer, hadde dei fått meir mat inn. Behovet for hjelp er stort.
Grieg Foundation støttar Matsentralen Vestland sitt skuleprosjekt:
Tekst og foto: Pernille Fjørtoft Grøsvik